Velkommen til Jondal ungdomslag.
(NB! Brukar du mobil, får du best oversikt over sida ved "liggande" skjerm)
Jondal Ungdomslag eig ungdomshuset Jonsvoll, Brekke 3, 5627 Jondal. Og vi ønskjer å fylle Jonsvoll med aktivitet for både born, unge og alle. Sjå gjerne Jondølingen 2022 under Kontakt oss.
HJARTELEG VELKOMNE TIL JONSOKBRYLLAUP 23.juni kl.16.00:
NB! PÅSKEMARKNADEN PÅ JONSVOLL VERT I ÅR UTSETT TIL HAUSTEN. JUL HAR MANGLA AKTIV MARKNADSNEMND DETTE ÅRET. VISS DU KAN TENKJE DEG Å VERE MED I MARKNADSNEMNDA SOM LAGAR MARKNAD (BASAR) PÅ JONSVOLL SEINARE I ÅR ELLER NESTE PALMEHELG, ER DU HJARTELEG VELKOMEN TIL Å TA KONTAKT MED LEIAR. VI ØNSKJER 4-5 PERSONAR TIL MARKNADSNEMNDA.
FRÅ ARKIV:
TAKK TIL ALLE som var med og feira 90års jubileum for Jonsvoll, det flotte ungdomshuset vårt i Jondal. Vi feirar jubiléet med jubileumsmiddag i matsalen på Jonsvoll, fredag 10.november kl.17.00-18.30. Sjå meir info i plakaten nedanfor:
Velkomne til enkelt Jonsok-bryllaup jonsokafta 23.juni kl.17. Frammøte i Lasselunden ved Spar.
SET AV 17.mai 2023 TIL GENERASJONSFEST PÅ JONSVOLL, aldersgrense 15 år. Program, festmåltid og dans (v/ Pakkers Trio). Og vil du vere med og skape festen- kontakt JULstyret v/Anne Karin eller om du vil vere med på program alla sketsjar og revyinnslag, kontakt Linea og Victoria.
VELKOMNE TIL PÅSKEMARKNAD PALMESØNDAG 2.4. PÅ JONSVOLL:
Fleire gevinstar har kome til på lista i etterkant.
VELKOMNE TIL PÅSKEKVISS langfredag 7.april kl.20.30- med opne dører, pub og påmelding frå kl.19.00:
BLI MED OG SKAP EIN FLOTT 4.dagsfest 2023. Flott om du vil vere med i program- eller revygruppe, har lyst til å skrive Jondøling, vere med som vakt, vere med i matgruppe eller i pyntekommite.
JONSVOLLS JULEPROGRAM på 4.dagsfesten 2022, var med Jondøling ved Anne Karin Stormy, konsert ved Ida-Sofie Holmen, hjortegryte og dans med Twang Gang. Omlag 50 på programmet og totalt 139 betalande gjester iløpet av festen. God stemning, flott dansemusikk og fullt dansegolv.
Måndag 12.desember kl.19.00 på Jonsvoll var det skjenkekurs, vaktkurs i alkohol-lova, for alle som er over 18 år. Alle som vert med på kurset, får kursbevis (arr. Jondal Ungdomslag og Ullensvang kommune) Takk til dykk som kom. Og vi vonar å invitere til nytt kurs tidlege i vinter, der vi særleg inviterer føresette til 15-18 åringane, og ungdom frå 18 og oppover.
JONSVOLLS JULESPESIAL er revyen som vi håper å servere på 4.dags festen på Jonsvoll i 2023. Då treng vi særleg dykk mellom 15-26år til å vere med og skape program/ revy. Vi ønskjer at dei yngste (15-18år) skal få vere med på tradisjonsfestane våre, og for at vi skal ha aldersgrense 15 år, treng vi program.
Vi lagar gjerne til fleire dansearrangement på Jonsvoll både frå 15 år og frå 18 år. Og skal vi få det til, treng vi at du stundom stiller som vakt. Skal vi ha dans må vi ha vakter. Så takk til alle som er over 18år, for at de gjerne kan melde til leiar at de kan stå på namnelista for aktuelle vakter på eitt eller fleire arrangement framover.
*******
DANSEFEST FOR ALLE 24.november gav meirsmak, og det blir to dansefestar til i vinter. Datoar kjem ved nyårsskiftet.
Vil du vere medlem i JUL, sjå meir info på sida Kontakt & Om oss
Vi lagar gjerne fleire festar dersom vi får delegere til deg eller andre å finne vakter. Sommarfest & haustfest? Vi søkjer løyve, ordnar hus, innkjøp og musikk, om de stiller vakter.
Pandemien dei siste åra gjorde at mange arrangement gjekk ut. Vi rettar ein stor takk til Hardangestiftinga som nett har tildelt Jondal Ungdomslag ei stor pengegåve som delkompensasjon for avlyste arrangement og tapte intekter under pandemien. No får vi igjen lov til å invitere. Velkomne på fjerdedagsfesten 28.desember og bli med på andre arrangement som er planlagde eller som kjem som "pop up". For borna har vi m.a. Jonsokbryllaup & familiekahootar og til hausten gjerne konsert, teater og/el. familiedans med meir.
Ønskjer du å gje ei gåve til ungdomslaget/ Jonsvoll kan du Vippse til 137732 eller overføre til 3450.27.03120. Tusen takk.
JUL ønskjer alle ein GOD HAUST. Velkomen på LAT ØYRA FÅ HØYRA 21/10. Familiekahoot vert ikkje i haustferien, men litt seinare i haust. Og haustdansen blir truleg vinterdans i staden. For å få til dansearrangement treng vi ein ny generasjon med villige vakter. Kanskje du kan?
Flott kulturkveld med Faukstad/Brekke 21.oktober. Tusen takk !
Ungdomsklubb, spelkveldar, ulike kurs, dans, leikarring, revy- og teatergruppe er mellom aktivitane vi ønskjer å få blåse liv i igjen. Og har du andre idéar- kan kanskje Jonsvoll vere staden og JUL vere paraplyen også for din idé? Lagsaktivitet brukar sjølvsagt huset utan ekstra kostnad.
I tillegg til ulike festar, møte, konsertar, teater, private arrangement som bryllaup, konfirmasjon, fødselsdagar og anna, er Jonsvoll fast tilhaldsstad for Hardanger Big band, for Jondal Bridgeklubb og for Ungdomsklubben. Og JUL ønskjer fleire arrangement og fleire faste aktivitetar hjarteleg velkomne til Jonsvoll.
Jonsvoll var 90 år i 2023- og vi feira med jubileumsmiddag fredag 11.november-23.